Meir statleg tilsyn og kontroll er ikkje rett medisin

Anbud365: Meir statleg tilsyn og kontroll er ikkje rett medisinForsettlege lovbrot bør difor reagerast på gjennom arbeidsrettslege reaksjonar og straffeforfylging av einskildpersonar, ikkje ved meir kontroll og sanksjonar på systemnivå. Sjølv med omfattande statleg tilsyn vil ein aldri klare å motverke alle feil, skriv artikkelforfattaren.

Skriv ut artikkelen

Av Herdis Helle, advokat (phd) LO juridisk

I eit intervju på nrk.no hevdar konkurransedirektør Lars Sørgard at det er enorme beløp å spare på å opprette eit nytt statleg tilsyn for offentlege innkjøp.

Bakgrunnen er at ein liten kommune på Vestlandet ser ut til å ha hatt det så travelt med å byggje ferdig før ei føreståande kommunesamanslåing, at den ikkje tok seg tid til å passe på at innkjøpsregelverket vart fylgt. I ein kronikk på Anbud365, syner konkurransedirektøren også til nokre andre kjente innkjøpssaker med feil, juks og korrupsjon.

Konkurransedirektøren peikar på at det offentlege kjøper inn for mellom 500 og 600 milliardar kroner i året. Dersom vi får betre innkjøp, så vil berre eit prosents forbetring kunne føre til at samfunnet sparar 5 til 6 milliardar kroner årleg.

Det er ikkje vanskeleg å vere samd med konkurransedirektøren i at det er mykje å spare på betre innkjøp. Derimot er det ikkje grunn til å tru at han gjev tilvising på rett medisin.

Dei aller fleste som arbeider med offentlege innkjøp, gjer ein samvitsfull jobb og prøver å fylgje reglane. Tap knytt til innkjøpsjuks og korrupsjon er truleg eit marginalt problem samanlikna med andre kostnadsdrivande faktorar på området. Forsettlege lovbrot bør difor reagerast på gjennom arbeidsrettslege reaksjonar og straffeforfylging av einskildpersonar, ikkje ved meir kontroll og sanksjonar på systemnivå. Sjølv med omfattande statleg tilsyn vil ein aldri klare å motverke alle feil.

Har allereie tilsyn

Kostnadane ved ytterlegare regulering og kontroll, er for store samanlikna med gevinsten. Vi har allereie tilsyn gjennom riks- og kommunerevisjon og ulike kontrollutval. Å gje KOFA fullmakt til å ta opp saker på eige initiativ – slik Bergens Tidende har tatt til orde for– er heller ikkje eit godt framlegg. Den domstolsliknande klagenemnda er samansett av forretningsadvokatar og universitetsjuristar, og er institusjonelt ueigna til ei slik oppgåve.

For å få betre og billigare offentlege innkjøp, må to viktige tiltak på plass. Det eine er at dei som skal kjøpe noko, bør ha god fagkunnskap om det som skal kjøpast inn. Dersom du ikkje har byggteknisk og ingeniørfagleg røynsle, klarar du neppe å inngå ein god entreprisekontrakt. Manglar du medisinsk- og digital kompetanse, så klarer du heller ikkje å kjøpe eit godt elektronisk journalsystem for sjukehus og legevakt. Det offentlege bør i eit visst omfang sitje med slik fagkunnskap sjølv. Det er naivt å tru at ein kan kjøpe all slik kunnskap frå konsulentselskap, og sjølv nøye seg med å pugge innkjøpsreglar.

Det andre tiltaket handlar om ei meir gjennomgripande reform av innkjøpsregelverket. Dagens reglar er bygd på innkjøpsdirektiva til EU. Dei er prosedyreorienterte og kompliserte. Ikkje noko privat selskap ville ha funne på å ta slike prosedyrar i bruk for sine innkjøp.

Avtalefridom, tillit, lojalitet og balanse er grunnpilarar i kontraktsretten. Ved å utvikle innkjøpsreglar som meir eller mindre fjernar desse grunnpilarane – fordi det ikkje skal takast omsyn til tidlegare røynsler med leverandørar eller gjerast vesentlege endringar under kontraktsgjennomføringa – har EU-institusjonane gjort kontraktar til ein dårlegare reiskap for å kjøpe gode varer og tenester.

Gjerast likare private innkjøp

Innkjøpsregelverket til EU bør gjerast mykje likare det som gjeld for private innkjøp. I private konkurransar er det langt større rom for innkjøpsfagleg skjønn ved kontraktsinngåing og for fleksibilitet i kontraktsgjennomføringa. Her kan Konkurransetilsynet og konkurransedirektøren verte pådrivarar gjennom å gje innspel om behov for regelendringar til EU-kommisjonen og andre europeiske styresmakter.

I dag er offentlege innkjøp altfor tidkrevjande og transaksjonskostnadane enorme. I 2013 estimerte Rambøll og Inventura , på oppdrag frå KS, at dei årlege innkjøpskostnadane, var om lag 1,3 milliardar kroner. Det galdt berre kommunesektoren. Skulle ein ha rekna med kostnader for statlege styresmakter og føretak, ville summen ha vorte langt høgre.

Innkjøpsregelverket er i tillegg tvisteskapande. Ser ein på omfanget av innkjøpssaker for KOFA, ESA og norske domstolar, er det lite som tyder på at terskelen for å klage er for høg.

Eit langt større problem er nok at offentlege innkjøparar er redde for å gjere feil. Det fører til at innkjøp vert forseinka og til at det ikkje vert stilt ynskjelege samfunnskrav, til dømes for løns- og arbeidsvilkår og miljø. I tillegg kjem det at innkjøpsregelverket gjer det vanskeleg å gjennomføre naudsynte reforhandlingar i langvarige og kompliserte kontraktsforhold. Det kan mellom anna føre til at leveransen av samfunnskritiske tenester stoggar opp, noko vi mellom anna har sett i luftambulanse- og søppelkonkurssakene.

Framlegget til konkurransedirektøren om eit nytt statleg tilsyn, vil ikkje avhjelpe desse problema. Tvert om vil det kunne forsterke dei.

Bli den første til å kommentere på "Meir statleg tilsyn og kontroll er ikkje rett medisin"

Legg inn kommentar

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.